Dag Tjemsland web site

TOC

 

Writings

Sønene til Abraham

av Øystein Bråthen

Vi sit på golvet i den største moskéen i Norge i «Litle Pakistan» som denne delen av Oslo blir kalla. Rundt omkring oss spring små gutar rundt i vill leik, nokre av dei med mini-turban på hovudet. Ved eine langveggen avsluttar nokre menn dagens tredje bønesamvær. Langs veggane heng der ulike plakatar med arabiske teikn. Nokre kvinner skuler nyfikent ned frå galleriet. Vi skal møte Zahid Mukhtar, født i Pakistan men med 18 av sine 22 år i Norge--og Dag Tjemsland, 24 år gamal norsk teologistudent. På ein måte er dei brødre i religiøs forstand, fordi både den kristne og den islamske tradisjon reknar Abraham som sin stamfar. Vi ynskjer dermed å finne ut av kva slags brødreskap dei har mest likskap med, fiendeskapet mellom Kain og Abel, eller kjærleiken mellom Peter og Andreas.

Kva er det viktigaste for deg i islam?

Zahid: Det er at ein trur på éin Gud, og at Mohammed er hans sendebud. Dernest er den muslimske identitet svært viktig. Du kan ikkje vera muslim og samstundes ikkje religiøs. Eg forstår ikkje kva kristne meiner når dei snakkar om personlege kristne, eller at ein kan kalla seg kristen men ikkje religiøs. Personlege muslimer finst ikkje, anten muslim eller ikkje. For meg er det viktigste å vera muslim, å fylgje islam og Guds lover. Penger og kone og andre ting skal ikkje vera det viktigaste, men at ein gjer gode gjerningar. Ein vil gjera gode handlingar ved å fylgja Guds lover.

Kan du, Dag, prøve å konkretisere kva som er meininga med livet?

Dag: Eg kan nytte mange av dei same orda som Zahid her. I Bibelen kan vi finne nokre fundamentale prinsipp som å elska sin neste, t.o.m. å elska sine fiendar, om å leva nøysomt og sparsommelig. `Fornekte seg sjølv' er eit sentralt tema i desse prinsippa. Det går på å leva enkelt, ta lidinga og nauden på alvor, og ikkje vera så oppteken av sitt eige ve og vel, men meir av korleis menneska omkring ein har det. Alltid sjå etter menneske som har det verre enn ein sjølv. Utifrå konkret livserfaring så har eg merka at i dei periodane der eg har fått gjort noko for medmenneske, og har fått kunne bety noko for andre, også samstundes har vore dei periodane då eg har opplevd livet som mest meiningsfyllt.

Ein muslim ber 5 gonger om dagen?

Zahid: Ja, vi har gudsteneste 5 gonger om dagen. I bøker blir ordet `bøn' oftast brukt om meir personleg, spontan bøn som ein formar med eigne ord. Då rekker vi også hendene våre opp mot himmelen. Gudstenesta er pliktig, og den skal utførast på ein særleg måte, der kan ein ikkje improvisere sjølve. Bøn er ein slags kontakt med Gud, du får møte Allah. Meininga med gudstenesta er at ein hugser på og vendar seg mot Gud. Dessutan er fellesskapet viktig når ein møtest til gudsteneste i ein moské.

Dag: Det med bøn og fromhetsliv er noko som veldig mange kristne strevar med, fordi alle dei ulike tradisjonane innanfor kristendommen praktiserer ulike typar fromheitsliv. I eit katolsk land ville det vera meir naturleg å gå oftare til kyrkje, til skrifte og til kvardagsmesser, enn det er i t.d. Norge. Eg har difor arbeidt med å finne ein fromheitspraksis som er meir heil, som dekkjer større delar av livet, og som kan vera eit betre verktøy for kommunikasjon med Gud. Eg kan bruke ei form for meditasjon som legg mykje vekt på stillheit, der ein kan vera seg medviten sin eigen kropp, sin eigen pust, og sitt eiga indre sjelsliv, om du vil. Gjennom det kan ein så stille seg open og lyttande til det Gud ynskjer å formidle.

Kva tyder frelse for deg, Dag?

Dag: Frelsa tar utgangspunkt i mitt liv, og er veldig konkret. Som eit ufullstendig menneske har eg høge ideal som eg prøver å leva etter. Men eg får det ikkje til, og det er det store menneskelege trauma og dilemma; korleis skal eg klare å leva med alt det som eg feilar på, alt det som eg mislukkast i. Dette skapar skuldkjensle, og denne skuldkjensla er det så eg blir frelst i frå. Eg får ei slags oppreisning, inspirasjon og håp til å fortsetje å betre den måten eg lever på. Det fungerer som ein slags reparasjon på mi evne til å fortsetje å forsake meg sjølv, forsetje å leve for andre. Denne reparasjon kjem til meg utanfrå--frå ei kraft utanfor mitt liv, når eg bare vil opne meg for den. Når det gjeld Kristus si rolle i dette, er der eit samband på eit abstrakt plan. Eg trur der knytest ein tråd mellom det livet Kristus levde og det guddomelege element eg og andre kan oppleve i våre liv.

Blir ein muslim frelst?

Zahid: Tydinga av frelse er totalt forskjellig frå kristendommen. Vi tar også skarpt avstand frå forestillinga om at Jesus tok skulda for menneska sine ugjerninger. I islam er frelsa den at dersom ein har fulgt Guds lov, og utført dei gjerningane som Gud har pålagt oss, på den måten Han har foreskreve, så kan vi bli frelst. Føresetnaden for frelsa er at ein får straff for dei ugjerningane som ein har gjort. På dommens dag skal du stå overfor Gud og svare for dei ting du har gjort. Hvis du har ei overvekt av ugjerningar får du straff for det, etter straffa får du kome i Paradis på same måte som dei andre. Men hvis du ikkje har gjort ugjerningar så er du frelst. Vi blir altså ikkje frelst p.g.a. Mohammed.

Kva er ditt forhold til Jesus Kristus?

Zahid: Vi trur på han som ein stor profet, og han er også nemnt i Koranen som Isa. Så hvis eg ikkje trur på Jesus, er eg ikkje muslim, for det står jo i Koranen. Men forestillinga om at Jesus var Guds son, tek vi sterkt avstand frå. Jesus reknast som den nest største profeten etter Mohammed.

Dag: Han er eit menneske som 100% har kombinert det å vera fullkomment menneske og samtidig Gud. Hans liv danna eit idealbilete for korleis eit menneskeleg liv kan levast heilt og fullt. Hans liv var ein perfekt måte å vera menneske på. Det er eit mysterium at han var både menneskeleg og guddomeleg, og kanskje vanskeleg å gripe. Biletet på Gud som stig ned i det låge, som blir født som eit barn under fattige forhold, som lever enkelt og går inn i den menneskelege lidinga på alle plan, formidlar samstundes mykje om korleis vi kan forstå Gud.

Kvifor har de nettopp valt dykkar religion i forhold til alle dei livssyn som ein nå kan finne?

Dag: Eg har ikkje vore så mykje i kontakt med islam, men noko i kontakt med buddhisme og har vorte svært imponert av mykje av det eg har sett der. Delvis også ved å prøve den form for meditasjon som dei praktiserer. Det har tilført mitt liv som kristen eit element som eg til nå ikkje har funne i den kristne tradisjon: Ein enkel og nøytral metode til finne ro og konsentrasjon i sitt indre. Som kristne har vi absolutt viktige ting å lære av andre tradisjonar. I islam har eg stor respekt for den inderlege religiøsitet som blir vist, og evna til å ta si tru alvorleg og fylgje ein religiøs disiplin.

Zahid: I Koranen står det at dersom du har tvil om Islam, så søk andre stadar og i andre skrifter som kan erstatte Islam. Når du så vender deg tilbake til Islam og Koranen må du ikkje sleppe den igjen. Du får en sjanse til å studere noko anna, og så vende tilbake til den rette veg igjen.

Har du teke i bruk den sjansen ennå?

Zahid: Ikkje i den form. Eg har stillt spørsmål ved noko av det som står i Koranen, korleis det kan vera realistisk. Når det gjeld det med å ta lover i Koranen bokstaveleg, så kan lover innanfor det sosiale liv i nokre tilfelle tøyast. Eg har dessutan oppdaga at ting eg har lært om i naturfag stemmer med det eg kan lesa i Koranen. Når det gjeld forholdet til kristendommen, kan ein seie at akkurat som ei ny lov opphever ei gamal lov, slik opphever Islam kristendommen. Det fordi Islam er ei forbetring og revisjon av det meste i kristendommen. Eg er fascinert av bodet om nestekjærleik og tilgjeving. På Jesu tid var det nødvendig at dei tok det bokstaveleg, fordi folk med makt misbrukte lova til å undertrykkje folk. Men slik kristendommen har utvikla seg er der ingenting eg kan bruke som lov for meg, eller som eg kan bli imponert av. Når det gjeld kristne sin måte å leve på, så er eg ikkje fascinert av det i det heile. M.a. fordi der ikkje er nokre særlege haldepunkt i kristendommen

Tykjer du det er vanskeleg å vera muslim i det norske samfunn i dag?

Zahid: Nei, det tykjer eg ikkje er vanskeleg. Men med hensyn til mat kan det av og til vera vanskeleg, eg kan jo ikkje eta all slag kjøt. Undervisninga kan også vera veldig uvant, t.d. at vi så tidlig får seksualundervisning. Fastemånaden er også problematisk her, i Pakistan faster jo alle, det er forbode å ete offentleg i Ramadan.

Dag: Når eg opplever kor oppteken folk her er av materielle ting i kvardagen, kor tilsynelatande ulukkelege og mistilpass dei er, korleis ein sløser med ressursane og misbruker miljøet, kor oppteken alle er av seg og sitt--då tykkjer eg det er vanskeleg å vera kristen. Særleg i desse tider då så mange kristne ressurs-personar bruker så mykje tid og ressurser på å omtale spørsmål omkring t.d. homofilt samliv eller ikkje, som eg meiner er ei avsporing i forhold til kva som er dei verkelege utfordringane.

Rundt omkring oss i den store salen set nå smågutane i gang med si messande innlæring av Koranen. Det blir vanskeleg å fortsetje samtalen, og vi tek farvel med å ynskje kvarandre lykke til med fasta. Mellom desse to blir det iallefall ikkje noko Kain-Abel forhold...


Dag Tjemsland © 1995-2001
Audio-Video Writings Travels Past Present Contact TOC